Om oss

Engelsen Entreprenør AS er ein erfaren entreprenør med lange tradisjonar i Stordsamfunnet. Me har som målsetjing å vere den leiande betongentreprenøren i Sunnhordland, men skal også vere ein betydeleg marknadsaktør innafor hoved- og totalentreprisar. Mange av dei byggverk ein ser på og kring Leirvik, har vår signatur. Budsjettert omsetnad for 2013 vil vere omlag70mill.

 

Primærmarknaden er på Stord, men me har også store oppdrag i nabokommunane i Sunnhordland. Våre kundar er små og store - private byggherrar, stat og kommune, samt industriverksemdene på Stord. For tida har me nyleg fullført ein større kontrakt med fundamentsarbeid for den nye kranbana på Kværner Stord. Me er òg i oppstartsfasen med betongarbeidet på det nye parkeringsbygget til AMFI Stord.

 

Engelsen Entreprenør AS har omlag 30 tilsette. Dei aller fleste er fagarbeidarar med fagbrev. Me har òg høgt kompetente anleggsleiarar og ingeniørar, og skal vere ein kompetanseleverandør innaføre betongfaget.

 

Verksemda er medlem i EBA, og har sentralgodkjenning i høgaste klasse innafor våre fagfelt. Me er ei godkjent læreverksemd, og har som målsetjing å ta inn nye lærlingar kvart år. Dei aller fleste av våre fagfolk er utdanna i verksemda.