Trygt og effektivt med hulldekkelement

Etter ein smal start på året, har Engelsen Entreprenør sikra seg mykje arbeid så langt i 2015. Mykje arbeid og travle tider krever effektive og godt planlagte metodar. Dette har betydd stor bruk av betongelement.

 

Engelsen Entreprenør har montert totalt 4500m2 med holdekker sidan april, utan store feil eller manglar.

Dette er fordelt på kontorbygget på Ringveien 30 - som har reist seg i rekordfart, samt OnarTun på Tysnes og Imenco Grinde på Tysvær.

 

Før årsskiftet tok me eit grep for å få U5-sertifisering på nokre av våre nøkkelpersonell. Formenna Bjarte Vad og Christian Kvalheim har fått UPK3+E, medan prosjektleiar Amund Engelsen har fått UMKL-sertifisering. Dette gjer at me er sertifiserte til å montere betongelement iht norske regelverk, og har gitt oss god kompetanse på tryggleik og effektivisering av monteringsarbeidet.

 

Me har også prosjekterande som teiknar og prosjekterar holdekka på ein slik måte at dette vert mest mogleg gunstig og økonomisk både for byggherre og entreprenør.

 

Sjå bilete fra montering på ovennevnte prosjekt på våre referansesider.