Montering av kummer for Bremnes Seashore

Engelsen Entreprenør er med på lag når nye innovasjonar vert utvikla i oppdrettsnæringa.

 

Sidan nyttår har me prefabrikert to stk store kummar på henholdsvis 6x6x6 meter og 14 meter for montering i sjø. Desse kummane, den tyngste av dei 190 tonn, vart montert ved bruk av sjølift i førre veke, og står no trygt planta på ferdig sprengt ut og planert sjøbotn.

 

Den største av kummane er ein inntakskum for ferskt sjøvatn, og inneheld også pumpene som skal føre vatnet inn til landkara. Den minste, på 14 meter, inneheld fordelingsrøyr og ventilar for styring av vatn til dei forskjellige installasjonane.


Kummane på land skal lagast i glassfiber, kor vår jobb er å støype botnplata.

 

Dette er eit pilotprosjekt, kor prinsippet er at fisken som ventar på slakting skal gå i jamnt temperert vatn, som vil vere av lågare temperatur enn det den har på overflata.

 

Engelsen Anlegg har stått for grunnarbeidet, med sprenging, graving og komprimert botn i sjø, ned til kote -5,5.

 

Sjå bilete av prefabrikering og montering her.

 

Sjå video på YouTube fra monteringa her.