Kaiarbeid - ein spesialitet?

Engelsen Entreprenør kan sjå attende på eit godt produksjonsår i 2013. Mykje at dette takka vere kaiarbeid, som ein gjerne kan sei har vore ein av våre spesialitetar.

 

I tillegg til pågåande kaiarbeid på Aker Kværner, har våre arbeidslag sete opp komplette kaiar både på Skånevik og på Eldøyane. Fellesnemnaren for slike jobbar er omfattande og komplisert forskalingsarbeid, i tillegg til omfattande fundamenteringsløysningar med t.d peling i sjø. Vêr og vind spelar inn i større grad enn når det gjeld landbaserte konstruksjonar, og nøkkelen til suksess er ofte å finne smart løysingar for å sikre effektivitet og sikkerhet i arbeidet.

 

Det siste kaiprosjektet som no skal ferdigstillast er ein komplett rehabilitering av ein gamal kai på Tittelsnes. Dårleg og korrosjonsskada beresystem av stål har vorte erstatta med eit nytt sett stålpelar, med komplett sjølvberande betongdekke som sekunderberesystem. Ny frontdragar, kaiskinner og fendringssystem for å gi kaien eit meir fintprydande preg.

 

Klikk her for å følgje framdrifta og sjå bilete frå prosjektet.