Engelsen Entreprenør med storoffensiv på Aker Kværner Stord

 

Engelsen Entreprenør er i dag godt i gong med forsterkning av kaiar og fundament til både Eldfisk og Edvard Grieg-platforma.

 

Det første prosjektet er ein forsterkning av kaiplata på austsida. Her skal Eldfisk transporterast ut på lekter i februar. I samband med dette er det òg ein del av enterprisen å byggja tre nye 200-tonns pullerfundament i tillegg til å forsterka kaikant med eit nytt fendersystem. Prosjektet omfattar bl.a støyping av ca 300m3 betong og skal ferdigstillast til primo januar 2014. Engelsen Entreprenør er inne som hovudentreprenør.

 

Det andre prosjektet omfattar etablering av fire stk fundament til Edvard Grieg inne i Stordhallen. Første del av arbeidet skal vere ferdig medio desember 2013, medan dei resterande fundamenta skal ferdigstillast i mars 2014. Total betongmasse vert ca 430m3. Engelsen Entreprenør har først og fremst ein rein betongenterprise, men arbeidet inkluderar òg saging og fjerning av større mengdar betongmassar.

 

Ein kan følgje framdrifta på hhv Eldfisk-prosjektet og Edvard Grieg-prosjektet på våre referansesider, eller ved å trykkja på lenkjane.