Engelsen Entreprenør byggjer Sagvåg Bru

Engelsen Entreprenør har fått tilslag på betongarbeidet på brua i Sagvåg, og skal etter planen støype brudekket i byrjinga av oktober.

 

Statens Vegvesen stillar strenge krav til entreprenørar ved slike arbeid, og kvalifiseringskrava er tøffe. Engelsen Entreprenør har teke steg med kursing av prosjektleiarar og fagarbeidarar for å få den kompetansen som trengs.

 

Landkara vert støypt før ferien, og arbeidet med forskaling av brudekket tek til i august. Forskalinga vert svært omfattande i form av store fagverkskonstruksjonar og spesialtilpassa takstolar for rett utforming av dekket. Sjølv om Engelsen-systemet har brei erfaring frå brubyggjing, er dette noko av det tøffaste innan forskalings- og støypearbeid i nyare tid. 255 kubikkmeter betong skal støypast i ein eingong.

 

Sjå bilete ifrå arbeidet her.