Engelsen Entreprenør byggjer OnarTun

I tøff konkurranse med entreprenørar frå Karmøy til Os har Engelsen Entreprenør fått tildelt betongentreprisen på OnarTun, den nye handelsstaden på Onarheim på Tysnes.

 

Bygget på ca 1600m2 skal i all hovudsak byggjast som ein nedgravd bunkers i betong, med 21 bustader på toppen.

Totalt skal det støypast ca 1200m3 betong i tillegg til oppspente dekkeelement av betong.

 

Som følgje av høge etasjehøgder i bunkersen, vert det stilt krav til kraftig og utfordrande forskaling, med veggstøypar på over 6 meter. Det same vert gjeldande for høge dragarreisar.

 

Engelsen Entreprenør har òg vorte tiltransportert grunnarbeidet i tomta, samt røyrleggjararbeidet.

Total kontraktssum omtrent 19,2 mill eks.mva.

 

Oppstart des 2014, med ferdigstilling sep 2015.

 

Følg OnarTun på Facebook.

 

Følg framdrifta og sjå fleire bilete frå byggjestad her.