Elementmontasjen i gang på AMFI.

Onsdag 5.2.2014 starta elementmontasjen på AMFI sitt nye parkeringsbygg på Leirvik.

 

Dette markerar ein av fleire viktige milepelar i prosjektet, for å nå ferdigstillelse til sumaren.

 

På grunn av byggets bogeforma geometri, vert elementbiten ei utfordrande og spanande oppgåve. Totalt skal 340 element, på opp i mot 17 meter, monterast i vifteform med mellomliggjande kakestykker, som seinare må forskalast, armerast og støypast att. Dette gjer at effektive, økonomiske og sikre løysingar må klekkast for å sikre eit best mogleg resultat med tanke på utføring og framdrift.

 

Engelsen Entreprenør har lang fartstid med montering av element, og kjenner oss difor godt budd på oppgåva. Tryggleik kjem først i handteringa av dei svært tunge elementa.

 

Den første etappen på omtrent 40 element gjekk smertefritt, og me ser fram til å sjå bygget bli lappa i saman gradvis ettersom vekene går.

 

Klikk her for å følgje framdrifta og sjå bilete frå prosjektet.