AMFI Stord med nye løft

Den nye køyrerampa gir god plass til to møtande bilar.

 

Det nye parkeringshuset til AMFI er no opna for bruk. Over 9000m2 med parkeringsareal står ferdig og skal senteret skal såleis vere godt skodd til julehandelen set i gong. Engelsen Entreprenør har sjølv levert alt av betongarbeid, samt administrert våre underentreprenørar til å levere ifrå oss det som vert kalla ein av Noregs finast parkeringshus. Engelsen Anlegg har levert alt av grunn- og sprengningsarbeid, og har utarbeida den nye vegtraseèn samt grøntarealet rundt bygget.

 

I samband med det nye parkeringsarealet, har det opna seg plass til å utvide butikklokala til kjøpesenteret. Engelsen Entreprenør har fått tildelt arbeidet med å legge til rette for desse lokala, og er nesten ferdig med rivearbeidet med den gamle køyrerampa.

Amfi skal ha nyopning for dei nye lokale mot slutten av mars 2015.

 

 Den gamle køyrerampa er no historie.

 

Fleire bilete ifrå AMFI kan du sjå her: